Om marknaden

omgm

I 1980 tok ein visjonær mann til orde for å skape ei inntekstkjelde til idrettslaget i Gaular. Oddvin Vonheim var mannen, og Gaularmarknaden vart ein realitet. Målet den gong var å samle inn pengar til ein idrettshall. Arrangementet samla bygda til marknadsdans på gamleskulen, med 25 innkjøpte kaker og betasuppe i skytteltrafikk mellom skulane.

Mykje har skjedd sidan den gong. Fjorårets marknad drog fleire tusen besøkjande, og er utan tvil årets happening i Gaular. God mat og drikke, aktivitetar for borna, flotte utstillarar og gode artistar har lagt ramma for marknaden, og stadig kjem nye besøkjande til Gaular denne helga i september.

I dei 35 åra marknaden har eksistert, har den lagt grunnlaget for eit blomstrande idrettsliv i kommunen. Gaular IL har i dag 600 medlemmer fordelt på fotball, volleyball, langrenn, hopp, alpint, klatring og friidrett.
Hallen har imidlertid lete vente på seg, men i januar 2015 kunne vi endeleg ta del i offisiell opning av Gaular si storstove. Vi gler oss over all aktivitet som allereie føregår der og ser fram til eit forrykande program frå scena under årets marknad

Vi håpar å sjå deg på Gaularmarknaden 2018!