Overnatting

overnatting

Kjem du langvegs frå, er det fleire overnattingsmulegheiter i Gaular.

Sande

Sande Kro & Hotell er ei hyggjeleg kro med 15 rom midt i Sande sentrum.

Tlf: 577 18050 / E-post: post@sandehotel.no

Døskeland Bruk er ein kjent laksegard med fine lakseretter i elva Gaula. Garden har store og fine hytter med alle fasiliteter.

Tlf: 95 20 39 49 / E-post: olerune@doskeland.net

Nedrestrand gard i Hestadgrend er ein hyggjeleg gard frå 1864 med 8 overnattingsplassar.

Tlf: 91 12 69 55 / livogjoar@nedrestrand.com

Bygstad

Dersom du vil kombinere Gaularmarknaden med andre friluftsaktivitetar i kommunen, er det blitt svært populært med overnatting på dei nyrestaurerte gardane i Bygstad, 10 km frå Sande.

Åmot Gard er kommunens operascene med tre nydeleg dekorerte soverom.

Tlf: 97 16 07 04 / E-post: steinar@operagarden.no

Nysna Gard er ein flott gard innerst i Dalsfjorden med utsikt over kommunens høgaste fjell, Storehesten. På garden er det 6 soverom, og for dei meir eventyrlystne, er det mulegheiter på Kvandalsstølen.

Tlf: 41 53 06 61 / E-post: nina.hjelmeland@sfj.no

Rytnetunet har ei lang historie med fleire hus frå 1600- talet. Garden var opprinneleg ein øydegard – rydda etter svartedauden, men brukast i dag til turisme. Rytne er eit langhus med 14 senger fordelt på fire familierom og to hemsar. 

Tlf: 97 14 00 60 / E-post: meretelarsom@gmail.com