Servering

mat

Servering 2018

Gaularmarknaden er kjent for god og velsmakande mat til ein billig peng. Etter å ha handla lopper, besøkt stands og kanskje tatt ein tur eller to i tivoliet, kan det vere godt å setje seg ned og prate med kjende og kjære over ein god matbit.  Vil du sitje inne, så er ”lærarrommet” og kantina dei rette stadene. Ynskjer du meir liv og røre er det telt ute på plassen der ein også kan nyte god mat og drikke.

I år serverer vi dette på Gaularmarknaden:

–       Grilltallerken med kotelett og marknadens gode, heimelaga potetsalat

–       Asiatiske vårrullar og innbakt kylling

–       Pizza, hamburgar og pølse med brød

–       Nydelege kaker av mange slag

–       Kaffi, te, brus, juice og vatn